Hei, og kjekt at du ser innom sida mi. Eg er 30 år, har mann og to barn, ein gut på 4, og ei jente på 9 mnd. Er for tida heime i permisjon, og får litt tid til ein av hobbyane mine som er å lage kort og litt scrapbooking. Pleier å vere litt periodevis kor mykje eg lagar, men vi får sjå etterkvar kor mykje eg får lagt ut;)
Endelig kan vi snart feire at sola kjem til Oppedal og:) Så då har eg og Sonja laga invitasjonar til ein eksklusiv gjeng for å feire sola med ein "strålande" fest:)
Har hatt besøk av Linda i dag, og her er reultatet. Har scrappa nokre bilder frå når Sverre var mindre. Både eg og Linda prøvde oss på denne skissa frå veckans skiss, og laga to heilt ulike LO-ar.
Denne vekas utfordring var å lage kort med stempla motiv i 3d. Har aldri brukt dette penny black stempelet på denne måten før, men det blei mykje betre resultat på denne måten:)
Sidan eg har kalla bloggen min for kort og scrappeblogg tenkte eg eg fekk scrappe litt og. Litt nybegynner på det. Men har masse bilder som vil bli scrappa. Den øverste LO en er til ei utfordring på "veckans skiss"